Helsetenesta til barn og unge

Haram kommune er med i prosjektet "helsetenesta til barn og unge". Med samarbeid på tvers av kommunane og spesialhelsetenesta skal vi tilby betre helsetenester til barn og unge som opplever psykiske helseplager.

I prosjekt "helsetenesta til barn og unge" har brukarane av kommunale tenester og spesialisthelsetenesta samarbeidd om å utvikle samhandlingsforløp for dei vanlegaste psykiske helseplagene hos barn og unge. Forløpet fungerer som eit kart over tenestene og gir oversikt over dei ulike tenestene rolla og ansvarsområdet sitt. Forløpet er først og fremst laga for fagfolk i tenestene, men informasjonen er tilgjengeleg for alle. Det finst eigen informasjon for barn, unge og foreldre/føresette.

Vil du vite meir?

Du kan lese meir om prosjektet på Helse Møre og Romsdal og Helse Fonna sine sider.