- Integrerings- og mangfoldsdirektoratet (IMDi) ber kommunane om å busette flyktningar.
- Politikarane i Haram avgjer kor mange flyktningar som skal busettast i vår kommune.
- Flyktningkontoret har ansvar for tilrettelegging og gjennomføring av busetting og kvalifisering gjennom introduksjonsprogrammet.
Flyktningtenesta skal bidra til at flyktningar blir integrert i det norske samfunnet, og blir økonomisk sjølvstendige. Det gjer vi ved å bidra til at flyktningane får gode norskkunnskapar, kunnskap om norsk samfunnsliv, utdanning og jobb.
Bustad og oppfølging
Kommunen har ansvar for å skaffe bustad til dei flyktningane som Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi) ber kommunen om å busetje. Det kan ta noko tid frå asyl er innvilga til busetjing skjer.
Flyktningen/familien får oppfølging og praktisk bistand i startfasen. Vidare får dei rettleiing om helse, økonomi, bustad og deltaking i arbeids- og samfunnsliv. Dette arbeidet er basert på eit godt samarbeid med ulike instansar som for eksempel helsestasjon, vaksenopplæringa, kultur og frivillige organisasjonar.
Meir informasjon om busetting (imdi.no)
Introduksjonsprogram
Nyankomne flyktningar mellom 18 og 55 år skal delta i introduksjonsprogram i kommunen dei er busett i. Målet er at dei skal lære seg norsk og kome raskt ut i arbeid eller utdanning. Programmet inneheld blant anna opplæring i norsk, samfunnsfag og arbeids- eller utdanningsretta tiltak.
Les brosjyre om introduksjonsprogrammet, finst på fleire språk og som lydfil (imdi.no)
Økonomisk hjelp
Dersom du ikke har, eller ikke kan skaffe deg, tilstrekkelig inntekter til å betale for mat, husleie eller strøm, kan du søke om økonomisk sosialhjelp hos NAV.
Barnehage
Barn som har foreldre som deltek i introduksjonsprogrammet for nyankomne flyktningar blir prioriterte i barnehageopptak.
Skole og utdanning
Barn har rett til eit skoletilbod så fort som mogleg. Ikkje-norsktalande ungdom i alderen 16 til 18 år kan få språkopplæring. Vaksne kan får gratis språkopplæring.