- Et besøkshjem tar imot et barn ca en helg per måned for å gi avlastning til foreldrene og gode opplevelser for barna.
- Besøkshjem må være stabile og kunne binde seg for ett år.
- Barna er mellom 0 og 18 år.
Kva er ein besøksheim?
Besøksheim er ein familie som tek imot eitt barn eller eit søskenpar ca ei helg per månad. Det er ikkje nødvendig med sosialfagleg kompetanse.
Familien må ha ein stabil livssituasjon og moglegheit for å binde seg for minst eitt år. Det må ikkje vere nokon store livskrisar, rusproblem eller psykiske problem i familien.
Det krevst at besøksheimen har tid, overskot og sengeplass til eit ekstra barn. Familien bør ha innlevingsevne og forståing for barns ulike behov og reaksjonar. I dei fleste samanhengar er det å oppleve ein trygg og føreseieleg familiesituasjon det barna treng mest.
Besøksforeldre må leggje fram uttømmande og utvida politiattest.
Det trengst ordinær politiattest av husstandsmedlemmer som er over 18 år. Politiattesten skal ikkje vere eldre enn tre månader.
Kven er besøksbarna?
Besøksbarn har ofte ein vanskeleg situasjon heime. Foreldra deira kan trenge avlasting for å få overskot. Barna treng tilskot av vaksenmodellar for å kunne sjå andre handlingsmønster i ein familie. For mange av barna er det behov for å oppleve andre omgivnader med fleire trygge vaksne som bryr seg om dei. Kontakten med dei vaksne har som mål å gi barna overskot, lærdom, stimulans, glede og tryggleik. Alderen på besøksbarna er frå 0 til 18 år.
Slik melder du deg til å bli besøksheim
Om du ønskjer å bli besøksheim, skriv du til oss og fortel litt om:
- Familiesituasjon
- Bustadsituasjon
- Helse
- Andre arbeidsforhold eller oppdrag i Ålesund kommune, som støttekontakt eller liknande
Informasjonen du gir oss blir brukt i arbeidet med å vurdere deg og familien din som besøksheim.
På bakgrunn av informasjonen du gir, tek vi kontakt for å avtale heimebesøk eller samtale på kontoret vårt. Ved tilbod må ein legge fram gyldig politiattest (barneomsorgsattest).
Besøksheim får godtgjering etter satsar vedtatt i kommunenes sentralforbund (KS). Satsane blir regulert årleg.
Interessert?
Send kortfatta søknad til barneverntenesta, så tek vi kontakt.