Kva gjer barnevernet?

KORT FORTALT

  • Barneverntenesta skal sikre at barn og unge som lever under forhold som kan skade helsa og utviklinga deira, får nødvendig hjelp, omsorg og beskyttelse til rett tid
  • Barneverntenesta skal bidra til at barn og unge får trygge og gode oppvekstvilkår
  • Barneverntenesta skal ta vare på dei mest utsette barna

Barn og ungdom under 18 år har krav på omsorg og rett til ein trygg oppvekst. Det er i første rekke foreldra sitt ansvar. Når foreldra i kortare eller lengre periodar ikkje greier å ivareta dette ansvaret, skal barnevernet hjelpe. 

Ansvar for å hjelpe

Barnevernet si oppgåve er å ta vare på dei mest utsette barna. Vi skal beskytte barn mot omsorgssvikt og sikre barn tryggheit og utviklingsmuligheiter. 

Om barnevernet blir kjend med bekymring for eit barn sin omsorgssituasjon, eller med barn som viser alvorlege atferdsproblem, har vi ei lovbestemt plikt til å undersøke korleis barnet har det, og om nødvendig sette i verk tiltak.

Les meir om: kordan barneverntenesten arbeider og gangen i ei barnevernssak

Bekymringsmelding

Sjå kva du kan gjere om du er bekymra for eit barn eller ein ungdom