Hovudoppgåva er å hjelpe barn og familiar i akutt krise. Barnevernvakta skal i hovudsak gi råd og rettleiing på telefon. Ved akutt krise kan barnevernvakta vurdere å rykke ut for å bistå meir aktivt i situasjonar.
Du kan ringe barnevernvakta på telefon 91 57 60 20.
Barnevernvakta betjener også Alarmtelefonen 116 111 for barn og unge.
Vakta er open alle dager, heile året.
Alle kan varsle om ein akuttsituasjon. Ein drøftingssamtale betyr ikkje at saka vert teken inn som ei bekymringsmelding. Drøftingssamtalar kan vere anonyme i den forstand at barnevernvakta ikkje veit kven som tar kontakt eller kven bekymringa gjeld.
Haram kommune er med i interkommunal barnevernvakt på Sunnmøre. Ålesund kommune er vertskommune for ordninga, og dei tilsette jobbar i Ålesund barnevernteneste.