Fosterheim

Det kan vere ulike grunnar til at foreldre ikkje kan ha barna sine buande heime hos seg i kortare eller lengre periodar.  Når dette er tilfelle, har barneverntenesta ansvar for å gi barna ein fosterheim.

For barna og barneverntenesta er det ofte ein stor verdi at denne fosterheimen er i barnet sitt nærmiljø, slik at barnet ikkje må bryte opp frå nærmiljø, skule og fritidsaktivitetar. 

Barn og unge i Haram er framtida vår - vi ønskjer at alle skal få bli verande i Haram.
Nokre treng ein ny heim for ein kort periode, andre kan ha behov for ein oppvekst i fosterheimen.

Kan dette være noko for deg eller din familie? 

Sjå informasjon fra Bufdir om kva det inneber å være fosterheim, og korleis prosessen fram til godkjent fosterheim er.  

Du er også velkommen til å ta kontakt med barneverntenesta for meir informasjon.