KORT FORTALT
- Her kan du sende bekymringsmelding dersom du er bekymra for eit barn eller ein ungdom
- Du finner også kontaktinformasjon i høve akutt hjelp
Kontakt oss - di melding er viktig
Kontakt barnevernet når du er bekymra for eit barn eller ein ungdom har det vanskeleg. Barnevernet er heilt avhengig av at alle privatpersonar som er i kontakt med barn og ungdom tar ansvar og melder frå i slike situasjonar. Bekymringsmeldinga di kan vere avgjerande for barnet det gjeld. Å kome tidleg i gang med hjelp er viktig, og kan hindre at vanskane blir for store.
Mange som bekymrar seg for barn og ungdom er redde for at dei overreagerar eller feiltolkar signal. Mange lurer på om det dei ser kanskje ikkje er alvorleg nok, eller om ei melding kan skape unødige vanskar. Det er nok å ha grunn til å tro at barnet er utsatt for alvorleg omsorgssvikt eller utviser alvorlege atferdsvansker, du treng ikke bevise noko.
Det er barnevernet som har ansvar for å vurdere bekymringa, og om det er nødvendig med hjelp. Andre har til oppgåve å sørge for at barneverneta får kjennskap til barn som har det vanskeleg.
Slik melder du frå til barnevernet
- Privatpersonar, som føresette eller andre i familien, venner eller naboar kan levere/sende bekymringsmelding til barnevernet. Dei kan vere anonyme. Barneverntenesten vil likevel helst at du seier kven du er, fordi det gir saka truverd. Send bekymringsmelding til barneverntenesten for privatpersoner
- Skular, barnehagar og andre offentlege instansar pliktar å kontakte barneverntenesta dersom dei opplever at det er alvorleg grunn til bekymring. Meldeplikta inntrer når det er grunn til å tru at eit barn vert mishandla eller utsett for andre former for alvorleg omsorgssvikt, eller når ein ungdom har vist vedvarande alvorlege atferdsvanskar. Offentlege instansar kan ikkje vere anonyme. Send bekymringsmelding til barneverntenesten for offentlig ansatte
Ved behov for akutt hjelp, kontakt
- Barnevernvakta for Sunnmøre: 915 76 020
- Politiet: 02800/112
- Alarmtelefonen for barn og unge: 116 111
Dette skjer når du kontaktar barneverntenesta med ei bekymring
Du kan drøfte bekymringa med ein barnevernskonsulent, og saman kan de finne ut kven som best kan hjelpe deg i kommunen.
Ein kan bli enige om å opprette bekymringsmelding. Vi vil i løpet av ei veke avklare om det du er bekymra for er noko som må følgast opp. Vi tar då kontakt med barnet/ungdommen, føresette og andre som kan seie noko om det bekymringa gjeld.
Dersom bekymringsmeldinga vert teken inn i barneverntenesta til undersøking, skal undersøkinga vanlegvis ikkje vare lengre enn tre månader. I løpet av undersøkinga snakkar tilsette i barneverntenesta med både foreldre og barnet. Dei kjem vanligvis også på heimebesøk for å få eit nærare inntrykk av familiesituasjonen, og hentar inn informasjon fra eksempelvis barnehage, skule, helsestasjon eller andre samarbeidspartnarar som kan ha informasjon som belyser problemstillinga.
Nokre familiar får hjelp underveis i undersøkinga, og andre treng ikkje hjelp og saka vert avslutta etter undersøkinga. Om det er behov for hjelp, finn vi tiltak i lag med barnet/ungdommen og føresette som skal bidra til positiv endring i familien.
Vil du vite meir?
Informasjon om barnevern - Bufdir
Om barnevernet