Barnekoordinator

Familiar som har eller ventar barn med alvorleg sjukdom, skade eller nedsett funksjonsevne, og som treng fleire typar tenester frå kommunen kan søke om ein barnekoordinator.

Kva gjer ein barnekoordinator?

Ein barnekoordinator kan hjelpe familien med å: 

  • ha oversikt over og koordinere dei tenestene de og barnet har kontakt med. 
  • gi dere informasjon og rettleiing om relevante helse- og omsorgstenester, slik at de enklare får oversikt over rettar og plikter. 
  • gi informasjon om nødvendige velferdstenestar og frivillige brukarorganisasjonar. 
  • få tydeleg fram stemma til barnet slik at barnet sjølv fritt får formidle kva som blir opplevd som god og nyttig hjelp. 
  • sjå til at det er framdrift i arbeidet med individuell plan, dersom barnet har det.  
  • styrke det tverrfaglege samarbeidet ved mellom anna å delta i koordineringsmøte. 
  • gi rettleiing slik at dere kan medverke til avgjerder knytt til saka til barnet.

Kven har rett til barnekoordinator?

Barn under 18 år med alvorleg sjukdom, skade eller nedsett funksjonsevne og som har behov for langvarige og koordinerte helse- og omsorgstenester og andre velferdstenester.

Foreldre/føresette kan søke om barnekoordinator. Barnekoordinator kan innvilgast før fødsel. 

Korleis få tilbodet?

Du må søke om tenesta ved å bruke skjema for søknad om helse- og omsorgstenester. 
Inntil digitalt skjema er på plass må papirbasert skjema brukast.

  • Last ned og fyll ut skjemaet under
  • Skjemaet skal signerast og sendast til
    Haram kommune, Postboks 33, 6282 Brattvåg
     

Søk om helse- og omsorgstenester

Kva skjer vidare?

Når tildelinga er klar, vil barnekoordinator kontakte deg og du må fylle ut ei samtykkeerklæring. Koordineringa skal skje i samarbeid med føresette og barnet, og tenesteapparatet skal legge til rette for dette.

Korleis klagar eg om eg får avslag?

Dersom du meiner du har rett til ein barnekoordinator og ikkje har fått det, kan du klage til Statsforvaltaren. Vis til pasient- og brukarrettigheitslova § 7-2 Klage.