Elisabeth Ulla Uksnøy, Signe Grønningsøter, Arild Klokk-Jensen og Inger Synnøve Remme ønsker velkomen til jobbmesse på ID-huset
Haram kommune
– Næringslivet treng arbeidskraft og kompetanse, og mykje av den kompetansen finst her allereie. Med ei lokal jobbmesse håper vi å kunne matche riktig kandidat med riktig bedrift på ein god og effektiv måte, seier prosjektleiar for næringsliv i Haram kommune, Elisabeth Ulla Uksnøy.
Speeddating for kandidatar og bedrifter
Jobbmessa blir satt opp som ein speeddate for deltakarar og næringsliv.
I staden for at arbeidssøkarane skal selje inn seg sjølve med CV og søknad, er det bedriftene som skal pitche seg sjølve som ein attraktiv arbeidsplass. Etter pitchane skal dei ha stand der dei får moglegheita til å «date» kandidatane ein til ein.
– Vi trur dette gjer at arbeidssøkarane får ei betre oversikt over moglegheitene som finst lokalt, og at terskelen for å ta kontakt med bedriftene blir lågare. I tillegg får bedriftene treffe gode og kvalifiserte kandidatar som dei elles kanskje ikkje hadde kome i kontakt med, seier Uksnøy.
Konseptet er henta frå NAV si regionale yrkesmesse, «Fabelaktig fredag».
Matchar rekrutteringsbehov med erfaring
Jobbmessa er ei satsing for å få fleire ut i arbeid i Haram og omland. Derfor har ein vore grundig med å kartlegge både kompetansen til arbeidssøkarane og rekrutteringsbehovet til bedriftene.
– Når målet er å få flest mogleg ut i jobb, er det viktig for oss at bedriftene som kjem på messa har behov som treff med erfaringa og kompetansen til kandidatane, seier Arild Klokk-Jensen, leiar for NAV Haram.
NAV og Integrering i Haram har kartlagt og invitert alle arbeidssøkarane sine til messa. Deretter vert bedrifter invitert etter behov for rekruttering som matchar med arbeidssøkarane sin kompetanse.
– Ideelt sett vil fleire kandidatar gå ut av messa med eit jobbtilbod eller ein avtale om intervju allereie i boks, seier Klokk-Jensen.
Når og kvar?
Ingebrigt Davik-huset i Brattvåg
Torsdag 28. mai
Kl. 12-14
Har du spørsmål om arrangementet?
Arild Klokk-Jensen
Leiar NAV Haram
arild.jensen2@nav.no
98 41 61 00
Signe Grønningsæter
Moglegheitskoordinator NAV Haram
signe.gronningseter@nav.no
41 76 74 87
Elisabeth Ulla Uksnøy
Prosjektleiar næringsliv
elisabeth.ulla.uksnoy@haram.kommune.no
45 67 06 18
Inger Synnøve Remme
Næringssjef i Haram kommune
inger.synnove.remme@haram.kommune.no
99 42 41 39