Vil du delta i ei stor beredskapsøving 12. oktober?

Vi treng frivillige i alle aldrar til ei stor beredskapsøving 12. oktober. Meld deg på og bidra til eit tryggare samfunn.

Ein mann blir intervjua av tv-kanal. Ved sidan av han står det to menn i politi- og brannuniform - Klikk for stort bileteDå det brann på Sukkertoppen vart det halde fleire pressekonferansar på EPS-senteret Ålesund kommune

Ålesund, Giske, Sula, Haram og Fjord kommune har over tid arbeidd med eit felles planverk for drift av evakuerte- og pårørandesenter (EPS). Planverket gjer at kommunane kan støtte kvarandre med personell, lokale og utstyr, og sikrar ei felles forståing av roller og ansvar. Denne planen skal brukast under øvinga, som skjer i Ålesund sentrum.

Meld deg gjerne på, og hjelp oss til å bli betre førebudde neste gong ei alvorleg hending oppstår!

Tid og stad

  • Dato: 12. oktober
  • Tid: Kl. 16.00–21.00
  • Stad: Ålesund sentrum

Kva går øvinga ut på?

Ålesund kommune skal øve på å handtere ein realistisk evakueringssituasjon der mange menneske treng hjelp, informasjon og tryggleik på kort tid.

Eit evakuerte- og pårørandesenter (EPS) er ein stad der evakuerte og pårørande kan få:

  • registrering og informasjon
  • mat og praktisk hjelp
  • psykososial støtte
  • hjelp til å melde inn sakna personar og finne att pårørande

For å få ei mest mogleg realistisk øving, treng vi frivillige deltakarar, også frå kommunane Fjord, Giske, Haram og Sula.

Kven kan delta?

Vi ønsker eit variert utval av deltakarar:

  • unge, vaksne og eldre
  • enkeltpersonar, familiar og vennegjengar
  • lag og organisasjonar
  • personar med ulike behov og livssituasjonar

Jo større mangfald vi får, desto betre blir øvinga.

Praktisk informasjon

  • Du må kunne delta heile tidsrommet øvinga varer
  • Det blir servert enkel mat og drikke
  • Øvinga er trygg og godt organisert
  • Det vil ikkje oppstå farlege situasjonar eller reelle skadar
  • Deltakinga er ulønt

Meld deg på

Meld deg på øvinga her

Kvifor er øvinga viktig?

Brannen på Sukkertoppen 17. mars viste kor raskt ein situasjon kan utvikle seg, og kor viktig det er å kunne ta vare på evakuerte og pårørande.

Å handtere slike hendingar krev godt samarbeid mellom kommunar, nødetatar og frivillige. Derfor må vi øve.

Øvinga er òg ein del av Totalforsvarsåret 2026, som skal styrke evna til å handtere både lokale kriser og større nasjonale hendingar. Gjennom å øve saman blir vi betre førebudde når noko alvorleg skjer.

Derfor er di deltaking viktig

Når du deltek:

  • gjer du øvinga meir realistisk
  • bidreg du til å teste og forbetre planverket
  • styrker du den lokale og regionale beredskapen
  • bidreg du til eit tryggare samfunn