Stønaden skal bidra til at ein større del av befolkninga får høve til å drive idrett og fysisk aktivitet. Barn og ungdom er hovudmålgruppa i spelemiddelordninga.
På nettsida anleggsregisteret.no er Kultur- og likestillingsdepartementet sine temasider for tilskot til idrettsanlegg, kulturbygg og friluftslivsanlegg. Her finn du søknadsskjema, vilkår og krav, og informasjon om søknadsprosessen.
Sjå også Kultur- og likestillingsdepartementet sine retningslinjer, og elles annan informasjon under nyttige lenker lengre nede i denne artikkelen.
Gå til anleggsregisteret.no
Kven kan søke om spelemidlar?
Det er eigaren av anlegget som kan søke om tilskot. I heilt særeigne enkelttilfelle kan departementet gi dispensasjon frå dette kravet. Kven som kan søke om tilskot går elles fram av punkt 2.3 (ordinære anlegg) og punkt 3.3 (nærmiljøanlegg) i retningslinjene som vert vedtatt årleg.
Her kan du lese Kultur- og likestillingsdepartementet sine retningslinjer for tilskot til anlegg for idrett og fysisk aktivitet
Typar anlegg
Det kan søkast om spelemidlar til
- ordinære anlegg (for organisert idrett og fysisk aktivitet)
- nærmiljøanlegg (for eigenorganisert idrett og fysisk aktivitet)
- rehabilitering av eldre anlegg (både ordinære anlegg og nærmiljøanlegg)
Som hovudregel kan ein få tilskot på inntil 1/3 av godkjent kostnad til bygging/rehabilitering av ordinære anlegg. Unntak er spesifisert for dei aktuelle anleggstypane i punkt 2.6 i retningslinjene.
Til nærmiljøanlegg kan ein få tilskot på inntil 50% av godkjent kostnad. Maksimum tilskot for nærmiljøanlegg går fram av retningslinjene.
Korleis søke?
- Kommunen må registrere anlegget i anleggsregisteret.no før søknad kan opprettast. Ta kontakt med kommunen så tidleg som mogleg dersom anlegget ikkje er registrert frå før.
- Når alt er klart for å sende inn søknad, finn ein søknadsskjema under anleggsregisteret.no
Gå til søknadsskjema
Har du søkt tidlegare?
Dersom du har søkt om spelemidlar til eit anlegg tidlegare, men ikkje motteke tilskot, må du fornye søknaden din. Dette må du gjere kvart år fram til tildeling.
Dersom du har søkt og motteke delvis tilskot tidlegare, må du gjenta søknaden inntil resterande beløp er utbetalt.
Viktige datoar og fristar
- 1. november: Haram kommune sin frist for at komplett spelemiddelsøknad er registrert på anleggsregisteret.no
- 15. januar: Kommunen sin frist for samla oversending av spelemiddelsøknadar til fylkeskommunen.
- Mars: Tilbakemelding frå fylkeskommunen om kommunen sine søknader.
- Mai: Kulturdepartementet legg ramma til fordeling.
- Juni: Fylkeskommunen behandlar søknadane i Kultur og folkehelseutvalet
- 15. juni: Nytt søknadsår. Søknadsportalen vert opna.
Spørsmål
Vi er tilgjengeleg for å hjelpe både på telefon og e-post, vi kan også avtale møte.
Ta kontakt med seniorrådgjevar Per Langnes på telefon 95 18 08 38 eller e-post per.langnes@haram.kommune.no
Nyttige lenker
Om spelemiddelordninga i Møre og Romsdal fylkeskommune
Anleggsregisteret.no
Gode idrettsanlegg
Norges idrettsforbund