Slik blir overgangen til ny kommune

Ved nyttår vert noverande Ålesund kommune avvikla, og erstatta med dei to nye kommunane Ålesund og Haram. Denne overgangen vil du som innbyggar kanskje ikkje merke så mykje til, men nokre ting kan det vere verdt å vere oppmerksam på.

Illustrasjon av veiskilt i to retningar med teksten Haram og Ålesund - Klikk for stort bileteKommunedeling

Kva vil vere annleis for deg som innbyggar etter 01.01.2024?

Overgangen til ny kommune inneber store forandringar i system og organisasjon. Dette er arbeidskrevjande prosessar som vil vare ei stund inn i 2024. Derfor kan du som innbyggar oppleve at det tar litt lengre tid å få behandla ei sak eller ein søknad.  

Det er verdt å merke seg at alle søknadar som kjem inn i tida før kommunedelinga vil bli behandla, så det er ingen grunn til å vente med å søke. Det er heller ikkje slik at du må søke på nytt når dagens kommune er ferdig avvikla.  

Dersom du har eit vedtak i dagens kommune, kan du føle deg trygg på at dette blir vidareført i den nye kommunen din. Skulle det oppstå endringar i vedtak, vil kommunen ta kontakt med deg.

I samband med omlegging av datasystema til kommunane, vil innbyggarane kunne oppleve at det er dei nye kommunane som står som avsendar på brev, også før nyttår.  Her kan du lese meir om post til og frå kommunen.

Med nye kommunar kjem det også nye kontonummer, etter nyttår er det desse som vil stå på fakturaer frå kommunane. Om du har avtalegiro eller anna fast betaling til kommunen, må du legge inn desse på nytt med oppdatert kontonummer. I starten av 2024 kan det oppstå forseinkingar i utsending av fakturaer, i så tilfelle vil det kome meir informasjon på nettsida. Om du ikkje mottek ein faktura du ventar på, må du ta kontakt med sentralbordet i din kommune. Her kan du lese meir om faktura til og frå kommunen.

Ålesund kommune og Haram kommune har inngått eit samarbeid om kulturskole. Dei som er elevar ved kulturskolen vil ikkje få noko endring i tilbodet sitt  på grunn av kommunedelinga. Alle kan søke seg til dei ulike tilboda på tvers av kommunegrensene, samtidig skal alle elevar kunne få eit grunntilbod nært der den einskilde bur.  Her kan du lese meir om kulturskulen.

Politisk styring

Haram skal ha eit kommunestyre med 27 representantar og eit formannskap med 9 medlemmer. Formannskapet fungerer også som planutval. I tillegg kjem viltnemnd og fast utval for kultur, begge med 5 medlemmer. Elles vil kommunestyret sette ned politiske utval som arbeider med spesielle oppgåver når det er behov for dette. Her kan du lese meir om politisk styring av Haram.

Organisering

Haram kommune er inndelt i dei fire kommunalområda livsløp, eigedom og tekniske tenester, helse og omsorg, skule og barnehage. I tillegg kjem kommunedirektørens stab.  Her kan du sjå korleis kommunen er organisert.