Nye politivedtekter for Haram kommune

Politidirektoratet har godkjent dei nye politivedtektene for Haram kommune, og dei er no tilgjengelege på nett.

Tidlegare i år vedtok kommunestyret politivedtekter for Haram kommune etter offentleg høyring. No er dei godkjente av politidirektoratet og tilgjengeleg på nettsida til Lovdata. 

Politivedtektene samanfattar lover og generelle reglar som gjeld for Haram kommune, mellom anna når det gjeld å oppretthalde ro og orden, sikre ferdsel og reinhald på offentleg stad. Vedtektene er forankra i politilova og det er først og fremst politiet som handhevar dei. Enkelte av bestemmingane kan kommunen handheve, som til dømes forsøpling på offentleg stad.

Dei nye politivedtektene erstattar politivedtektene frå 2021, i Ålesund kommune.

Her kan du lese dei nye politivedtektene for Haram kommune (lovdata.no)