Kommune og næringsliv samla til dialog i Norborghallen

Torsdag den 20. mars inviterte Haram kommune til årets første dialogmøte med næringslivet. Det var god oppslutning til samlinga som vart halden i Norborghallen.

På agendaen stod mellom anna diskusjon rundt korleis ein i praksis kan få lokalt næringsliv inn i skulen, og næringslivet sin medverknad i kommunen sitt arbeid med samfunnsdelen av kommuneplanen. 

Gjennom ein presentasjon frå Vard Electro fekk ein også eit innblikk i korleis bedrifta jobbar med kompetanse og rekruttering, og også kva utfordringar næringslivet generelt ofte står ovanfor når det gjeld rekruttering.

God oppslutning og plan om faste møte

Næringssjef i Haram kommune, Inger Synnøve Remme, var initiativtakar og arrangør for dialogmøtet. Ho var godt fornøgd med både oppslutninga rundt møtet og det ein i fellesskap fekk presentert og diskutert.

-Det er utruleg viktig og verdifullt å ha slike møte mellom kommunen, næringslivet, NAV og utdanningsinstitusjonar, seier ho. - Vi får ei felles forståing for kva utfordringar og moglegheiter vi har i kommunen vår, og for kva for eventuelle satsingsområde vi kan arbeide med. Og ikkje minst er det viktig at vi kan jobbe mot felles mål. 

-Frå kommunen si side kjem vi til å planlegge for å ha to faste dialogmøte i året, der vi inviterer næringslivet og andre til å ta del, fortel Remme.

Næringslivet sine tilbakemeldingar er viktige

Ein av deltakarane i dialogmøtet var kommunedirektør Anders Norvald Hammer. Han la vekt på viktigheita av næringslivet og av samhandlinga med dette når det gjeld arbeidet med samfunsplanen til kommunen.

-I løpet av den komande 10 årsperioden vil det gå fleire ut av arbeidslivet enn vi har søkarar til vidaregåande skular i Møre og Romsdal. Det betyr auka konkurranse om arbeidskrafta, seier Hammer.  - I samarbeid treng vi å finne ut av korleis skal vi gjere Haram attraktiv, slik at næringsliv og kommune får tilgang på den arbeidskrafta som blir etterspurt.

-Det handlar om attraktivt arbeid, men også korleis menneske som bur i kommunen vår kan leve livet sitt i tida etter at dei er på arbeid. Difor er det viktig å få gode tilbakemeldingar i samfunnsplanarbeidet , slik at vi treff med dei riktige prioriteringane i Haram.