Husk å melde inn målarstand på vassmålaren din

Har du installert vassmålar på eigedomen din? Då må du huske å lese den av og melde inn målarstand, fristen er den 31. desember.

Vi sender ut påminning om avlesing av vassmålar kvart år. I 2024 starta avlesinga den 20. november, du skal ha fått påminning om avlesing anten på sms eller avlesingskort i posten.

Slik les du av vassmålaren

Vil du melde inn avlesing på nett?

Då gjer du det her:

Send inn avlesing av vassmålar

MERK: Portalen for registrering av målarstand på nett vil vere stengt mellom 23.12.24 og 2.1.25.

Får du sms?

  1. Klikk på lenka i sms-en (haram.kommune.no/vassavlesing)
  2. Sjekk at det er rett vassmålar før du registrerer.
  3. Les av målarstand på målaren, 5 siffer. Ikkje ta med raude tal og tal etter komma.
  4. Fyll ut felta for dato og målarstand.
  5. Når du har lagt inn informasjonen, skal du klikke “Godkjenn”. (Merk: Det er viktig at du berre trykker éin gong.) Etter kvart vil du få opp beskjed om at målarstanden din er registrert.

Får du avlesingskort i posten? 

  1. Sjekk først at det er rett vassmålar, før du går i gang med registreringa.
  2. Les av målarstanden på målaren, 5 siffer. Ikkje ta med raude tal og tal etter komma.
  3. Fyll ut felta for dato og målarstand, signer kortet og send det tilbake til oss. Du skal bruke adressa som står på avlesningskortet.

Kontakt innbyggarservice ved spørsmål

Har du spørsmål?

Om du lurer på noko rundt avlesing og innmelding av målarstand, kan du kontakte Haram kommune sin innbyggarservice. Opningstida er mån-fre kl 09.00-14.30.

Innbyggarservice
E-post
Telefon 70 20 75 00