Har du høyrt om Trygg hjemme? - Haram kommune

Har du høyrt om Trygg hjemme?

Ålesund brannvesen har sidan mars 2025 arbeidd med prosjektet «Trygg hjemme», som handlar om at menneske skal vere nettopp trygge heime, - også når det gjeld brann.

Ein mann og ei kvinne i brannuniform står framfor ein brannbil - Klikk for stort bileteÅlesund brannvesen har dedikert personell som arbeider med brannsikkerheita hos risikoutsette grupper. Ålesund brannvesen

Besøk hos kommunane

Prosjektgruppa har det siste året besøkt samtlege heimesjukepleiedistrikt i Ålesund, Sula, Giske og Haram kommune, samt fleire avdelingar innan rus og psykiatri. Målet har vore å etablere eit samarbeid for å ivareta brannsikkerheita hos heimebuande eldre og andre mottakarar av kommunale heimetenester. 

Særleg vil vi hjelpe menneske med éin eller fleire risikofaktorar som gjer at ein er meir utsett for brann, og/eller mindre rusta til å handtere eit eventuelt branntilløp. Nedsett syn, høyrsel, redusert bevegelegheit, mangel på forståing, rus, alder og dårleg tilrettelagte bustader er vanlege faktorar som kan utgjere ein risiko.

Du kan også bidra til å gjere andre trygge 

Denne utfordringa angår oss alle, og alle kan vere ein ressurs i dette arbeidet. Anten du er pårørande, nabo, bekjent, slektning eller personell for nokon dette angår, kan du vere med på å utgjere en forskjell. 

Ålesund brannvesen har dedikert personell i faste stillingar som arbeider med brannsikkerheita hos risikoutsette grupper. Vi veit godt at dei fleste brannar startar i heimane. Visjonen vår er likevel at ingen skal omkomme eller bli skadd i brann. Vi ønsker at alle skal vere trygge heime, både denne sommaren som ligg framfor oss, og alle andre dagar i året. 

Ta gjerne kontakt med oss, enten ved å melde ei bekymring via branntips.no, eller ved å ta direkte kontakt med oss på telefon 99471751.

Med ønske om ein trygg og god sommar frå Ålesund brannvesen!

Marit Fagerhol
Prosjektleiar, Trygg hjemme