#gi8minutt - markering av verdsdagen for psykisk helse

Verdsdagen for psykisk helse  er den 10. oktober kvart år. I Haram skal dagen markerast med to arrangement, eit på Vatne og eit på Haramsøy.

#gi8minutter

Verdensdagen for psykisk helse går no inn i tredje året der ein fokuserar på felles innsats mot utanforskap og einsemd.

Vi treng å snakke meir saman og vere meir i lag, og gi både oss sjølv og andre meir tid til å bygge fellesskap og vennskap. Regelmessig kontakt  mellom menneske kan senke terskelen for å lufte vanskelege tankar og følelsar, som kan gjere det lettare å fange opp når ein sjølv eller andre treng hjelp og støtte.

Årets tema er difor #gi8minutter. I dette ligg ei oppfordring om å sette av 8 minutt kvar dag, til å ringe eller snakke med nokon du bryr deg om. Det er enklare enn vi trur, og betyr meir enn vi anar.

Lokale arrangement

Som ei markering av årets verdsdag vil Mental Helse Haram, Haram frivilligsentral og Haramsbiblioteka arrangere to møtekveldar, med #gi8minutter som tema: