Flaggar for mangfald og likeverd - Haram kommune

Flaggar for mangfald og likeverd

I dag vart regnbogeflagget heist utanfor Haram tenestehus. 

Ei gruppe menn og kvinner held eit regnbogefarga flagg mellom seg - Klikk for stort bileteStyret i Nordre Innovasjonsforum og representantar frå kultur- og næringslivet var med under falggheisinga. Haram kommune

Flagget vil henge oppe i perioden Ålesund Pride vert markert, fram til og med 31. mai.

To menn heiser eit regnbogefarga flagg i ei flaggstong - Klikk for stort bileteKommunedirektør Anders Norvald Hammer og ordførar Vebjørn Krogsæter stod for flaggheisinga. Haram kommune

Ein kommune med plass til alle

Ordførar Vebjørn Krogsæter og kommunedirektør Anders Norvald Hammer stod for sjølve flaggheisinga, og med seg på markeringa hadde dei styret i Nordre Innovasjonsforum og representantar frå kultur- og næringslivet i kommunen.

-Ved å heise regnbogeflagget ønsker vi å signalisere at Haram skal vere ein kommune for alle, seier ordførar Vebjørn Krogsæter.  - Vi skal vere inkluderande og støtte opp om innbyggarane våre, uansett kjønn, orientering, etnisitet eller religion.

Mangfald og likeverd – også på jobb

For næringslivet betyr heising av prideflagget inkludering, mangfald og likeverd i arbeidslivet, her er det plass til alle, seier Rune Longva, leiar for Nordre Innovasjonsforum. 

Kommunedirektør Anders Norvald Hammer løftar fram den same bodskapen når han forklarer kvifor kommunen deltek i markeringa.

- Dette er verdiar samfunnet vårt må ha fokus på, og dei er også viktige stikkord for kommunen som arbeidsgivar, seier han. 

 - Haram kommune skal vere ein trygg og raus arbeidsplass for alle tilsette. Vi skal ha eit arbeidsmiljø der kvar og ein kan kjenne seg respektert og verdsett for den dei er.

Vi heiar på mangfald og eit fargerikt fellesskap, - lat oss saman bidra til eit trygt samfunn, der alle kan få vere seg sjølv og elske den ein vil!