I Haram kommune lanserer vi no kampanjen "Ej berre kødda?", eit felles løft for å skape bevisstheit rundt humormobbing. Kampanjen er ein ide frå Giske kommune, som dei lanserte og gjennomførte i 2025.

Humormobbing er ei form for mobbing som ofte blir skjult bak spøk, ironi og latter, men som like fullt sårar og bryt ned.
Ord som “hore”, “homo” eller “bitch” blir brukt i skulegarden, på fritidsarenaer og mellom vener, ofte etterfølgt av "ej berre kødda". Men slike ord og uttrykk, sjølv når dei blir sagt på tull, kan sette djupe spor hos den som blir ramma.
Kvifor er kampanjen "Ej berre kødda?" viktig?
Barn og unge treng trygge miljø både på skule og i fritida. Når stygge kommentarar og skjellsord blir ein vane, pregar det sjølvbildet og tryggleiken til dei som høyrer det, sjølv om det blir framstilt som humor.
Sosiale medium gjer at slike kommentarar lettare spreier seg og kan nå mange fleire enn dei som er til stades der og då. Fenomen som roasting kan òg vere utfordrande, fordi det for nokre opplevast som vennleg erting, medan det for andre kjennest sårande.
Humormobbing er mobbing. Det handlar ikkje om å forby humor, men om å kjenne forskjellen på godlynt tull og språk som sårar.
Målet med kampanjen
Kampanjen har som mål å
- bevisstgjere barn, unge og vaksne om at ord har kraft
- førebygge at nedsettande språk blir normalisert i kvardagen
- fremje ein kultur der vi bygger kvarandre opp, ikkje ned
Vårt ansvar som vaksne
Vi treng vaksne som ser, lyttar og snakkar med barna. Enten du er føresett, lærar, trenar, instruktør eller frivillig, har du ei viktig rolle i dette arbeidet. Du er ein rollemodell og ein del av det språkmiljøet barn og unge veks opp i.
Barn og unge lærer ikkje berre av det vi seier – dei lærer av det vi gjer. Når vaksne viser at språk og haldningar betyr noko, sender vi eit tydeleg signal om kva slags fellesskap vi ønsker å skape.
Vi vil ha fleire med på laget!
For å lukkast med kampanjen og haldningsarbeidet treng vi både foreldre, skular, barnehagar og frivillige aktørar med på laget.
I juli vart det sendt ut invitasjon til å delta i kampanjen ei rekke lag og organisasjonar i Haram, som driv aktivitet for barn og unge. Saman med invitasjonen låg det informasjon om kampanjen, brosjyrar tilpassa både skule og barnehage, forslag til presentasjon til foreldremøte og plakat/illustrasjon til bruk i sosiale medium.
Målet vårt er at "Ej berre kødda" skal vere synleg både i skulane og på fritidsarenaer som fotballag, korps, kulturskule og ungdomsklubbar.
Om ditt lag ikkje har fått invitasjon, men ønsker å vere med på kampanjen, er de hjartleg velkomne til det! Ta gjerne kontakt med oss ved spørsmål eller for å få tilsendt materiell.
Ta kontakt med oss om “Ej berre kødda?”
Takk for at du er med i arbeidet for eit godt og trygt oppvekstmiljø i Haram kommune.
Takk til Giske kommune og Ålesund kommune for deling av innhald og materiell i kampanjen.
Materiell i kampanjen