Bli med på årets leseeventyr på Sommarles.no - Haram kommune

Bli med på årets leseeventyr på Sommarles.no

Sommerles.no er tilbake, og i år ventar eit heilt nytt mysterium, kule premiar og eit digitalt leseunivers fullt av overraskingar og skurkestrekar.

Les deg gjennom sommaren

Sommerles.no varer frå 1. juni til 31. august og er ein gratis, nasjonal lesekampanje som har gjort stor suksess sidan starten i 2014. Ved å kombinere lesing med element frå dataspel, har kampanjen klart å engasjere hundretusenvis av barn over heile landet. I fjor deltok rundt 162 000 barn – kanskje blir det endå fleire i år?

Målet med sommarles-kampanjen er å få barn til å oppleve ekte leseglede og meistring, og å motivere barne til å lese av eiga lyst.  Det skal vere gøy for barn å lese, også for dei som ikkje er så ivrige fritidslesarar i utgangspunktet. Det viser seg at barn som deltek på Sommarles opprettheld leseferdigheitane sine betre gjennom den lange sommarferien.

Det spelar inga rolle om du les sjølv, blir lest for eller høyrer på lydbok. All lesing tel!

Slik fungerer det

For å bli med, lagar du ein eigen profil på Sommerles.no saman med ein vaksen. Der kan du registrere alt du les gjennom sommaren – og få poeng for kvart einaste minutt! Etter kvart som du samlar poeng (XP), får du digitale trofé og etter kvart kan du hente kule premiar på biblioteket. Du kan hente premiar på alle bibliotek i heile landet.

Du får også tilgang til ei spennande forteljing som berre finst på Sommerles.no. I år heiter forteljinga Farlege skurkestrekar, skriven av Mari Moen Holsve og illustrert av Cha Sandmæl. Historia kan både lesast og lyttast til direkte på Sommarles.no

Les meir om korleis ein kan delta på Sommarles

For alle slags lesarar

Sommerles.no er for alle – anten du er ein superlesar, akkurat har lært å lese, eller treng litt hjelp. Du bestemmer sjølv kva du vil lese: fantasy, fotballbøker, teikneseriar eller noko heilt anna.

Du kan også lese på det språket du vil. Kampanjen samarbeider med fleire organisasjonar for å sikre at alle barn får tilgang til tilrettelagt litteratur, blant anna Leser søker bok, Tibi og Sametingets bibliotek.

Avspark for årets Sommarles på Brattvåg bibliotek

Haram Mållag og Haramsbiblioteka arrangerer avspark for årets Sommarles. Det blir høgtlesing og buttons-verkstad på Brattvåg bibliotek laurdag den 06. juni kl. 12.00. Det blir også mogleg å hente årets premiar.

Her finn du meir informasjon om arrangementet

Er du klar for å bli med på sommarens kulaste leseeventyr? Gå inn på Sommerles.no frå 1. juni og bli med på moroa!