Bli med inn i Eidet skule

Måndag den 6. januar kunne elevar og tilsette på ungdomstrinna ved Eidet skule endeleg flytte inn i det flunkande nye bygget sitt.

I bildekarusellen over kan du få bli med inn for ein snik-kik på korleis dei har fått det der. Klikk på bilda for større foto.

Både spennande og travelt med flytting

Rektor Ole André Lukkedal  og assisterande rektor,  Oddmund Davik Otterlei, fortel om ei spennande og travel første veke i den nye skulen.

- På same måte som verfta testar båtane sine med prøveturar, kan vi nesten seie at desse første dagane har vore som ein prøvetur for oss, seier Oddmund. - Det er mykje som er nytt for både elevane og oss vaksne, og vi skal bli kjende med og lære oss korleis bygget og utstyret her virkar.

Sjølv om det meste er flunkande fint og flott, er det også litt småtteri som framleis treng å bli fiksa litt på.

-Ei av dei prioriterte oppgåvene for meg desse dagane, har vore å få kartlagt om det er ting ved bygget som ikkje fungerer som det skal eller slik som det er tenkt, fortel rektor Ole André.   - Heldigvis er det aller, aller meste på stell. Det er gode lokale å vere i, det gir både elevane og dei tilsette uttrykk for. No skal det bli godt å få landa litt her, og så er det berre å gjere seg klar for fortsettinga.

Heilt ferdig skule til hausten

No er altså ungdomstrinnet på plass, og til hausten skal også byggetrinn 2, med barneskuledel og hovudinngang med fellesareale og bibliotek, vere ferdigstilt. Då kjem også elevar og tilsette ved Vatne og Tennfjord barneskular flyttande etter, og lagar endå meir liv og røre i Eidet skule. Det er berre å gle seg!