Årsresultatet for 2024 er klart

Den ureviderte rekneskapen til Haram kommune per 31.12.24 viser eit negativt resultat på 8,6 millionar kroner. Resultatet er noko svakare enn prognosane vi har arbeidd med gjennom 2024, men synleggjer likevel dei store omstillingane som er gjennomført i kommunen sitt første driftsår.  

Avviket frå prognosen skuldast i hovudsak nasjonal svikt i skatteinntekter, samt høgare lønnsutbetalingar i desember enn budsjettert. 

 - Trass negativt resultat tenker eg vi har levert gode tal i vårt første driftsår som ny kommune, seier kommunedirektør Anders Norvald Hammer. - Vi har arbeidd med store avvik sidan sommaren 2023, og er i ferd med å få balanse mellom inntekter og utgifter i kommunen. Det er framleis eit stykke att før vi når dei langsiktige finansielle måltala og ein berekraftig kommuneøkonomi, men vi går i riktig retning.

Meirforbruk dekt av disposisjonsfond

Det negative resultatet på 8,6 millionar kroner, blir dekt inn av disposisjonsfondet. Etter fråtrekk frå det negative resultatet, er disposisjonsfondet no på 32 millionar kroner.

Rekneskapen for 2024 skal til godkjenning av revisjonen, og det kan såleis bli endringar i endeleg resultat.
Størrelsen på disposisjonsfondet er heller ikkje endeleg avklart før skjønnsnemda har tatt stilling til, og avgjort, det økonomiske oppgjeret mellom Haram kommune og Ålesund kommune. 

 - Det er knytt spesielt stor usikkerheit til rekneskapen for 2024 grunna kommunedeling og bygginga av ein ny driftsorganisasjon, seier økonomisjef Levi Lervik. - Det er difor større usikkerheit enn normalt knytt til den komande revideringa.

Vidare behandling

Den foreløpige rekneskapen er innsendt og tilgjengeleg for kommunerevisjonen. Revidert rekneskap og årsmelding blir lagt fram for godkjenning i Haram kommunestyre i juni.