Gjersetdalen Villmarksområde
Gjersetdalen villmarksområde
Tid og stad
Tidspunkt
Søndag 21. juni kl 12.00-16.00
Stad
Arrangementet er i Gjersetdalen Villmarksområde, som er eit kjempeflott friluftsområde som er tilgjengeleg for alle. På området finst det ein stor gapahuk ved vatnet, med moglegheit for grilling. Der er også ein flott gildehall, og toalettfasilitetar.
Aktivitetar
Alle aktivitetane er tilrettelagde slik at flest mogleg kan delta. Det blir mellom anna:
- Grilling av pølser på bål, servering av saft, popcorn m.m.
- Kano på vatnet
- Hengekøyer
- Kaste på blink
- Ballspel
- Brettspel
Transport og tilrettelegging
Vi ønsker at alle skal få moglegheit til å nytte seg av det flotte turområdet i Gjersetdalen.
Røde Kors stiller med bil frå Gjerset på Grytastranda og opp til villmarksområdet for dei som treng å sitte på. Om du brukar rullestol og er avhengig av eigen bil, kan også køyre denne opp til vatnet frå Gjerset. For den som ønsker å gå, er det fin turveg både fra Grytastranda og Brattvåg på ca. 4 km frå begge sider.
Om du har behov for personale i aktivitetane eller til ulike oppgåver, må personalet vere med.
Påmelding
For påmelding eller spørsmål rundt arrangementet kan du kontakte Innbyggarservice på telefon 70 20 75 00, eller e-post innbyggarservice@haram.kommune.no.
Påmeldingsfrist er torsdag 18. juni 2026.
Vi oppmodar alle barn, unge eller familiar i målgruppa om å melde seg på, velkomen til ein kjekk dag i Gjersetdalen!