• Hending

Avspark - Sommarles - Brattvåg bibliotek

Dato

Lørdag 6. juni 2026

Tidspunkt

kl. 12.00 - 13.00

Stad

Brattvåg bibliotek

Sommarles er tilbake, og vi ynskjer å ha eit realt avspark for årets deltakarar!

Haram Mållag og Haramsbiblioteka arrangerer avspark for årets Sommarles. Det blir høgtlesing og buttons-verkstad på Brattvåg bibliotek laurdag den 06. juni kl. 12.00.

Det blir også mogleg å hente årets premiar.

 

Men kva er Sommarles?

Frå 1. juni til 31. august kan alle som går på 1.-7. trinn delta på Sommarles.no. Sommarles gjer lesing endå kjekkare, og det er heilt gratis å vere med.

Sommarles er for alle! På Sommarles.no kan de registrere både bøker som barna har lese sjølve og bøker dei har lese saman med nokon eller lytta til (høgtlesing og lydbøker).

Kvar gong det blir registrert lesing, får deltakarane poeng og går etter kvart opp i level. I år er det tida deltakarane har brukt på lesing som gir poeng i Sommarles, framfor sider som tidlegare år. Talet på sider som er lesne vil framleis bli registrert automatisk. Barna kan både få kule digitale trofé på nettsida og hente fysiske premiar på biblioteket. På Sommarles kan de også få lesetips og løyse oppgåver knytte til Sommarlesforteljinga for i år, som er skriven av forfattar Mari Moen Holsve.

 

For å bli med på Sommarles.no går de inn på nettsida som opnar 1. juni, og lagar ein profil. Har de ein profil frå i fjor kan denne framleis brukast. Om de treng hjelp, er det berre å spørje på Haramsbiblioteka. Så er det berre å lese/lytte og registrere i veg!

Praktisk informasjon

Om staden

Namn

Brattvåg bibliotek