Girl Tech Fest

Haramsbiblioteka og Haram Frivilligsentral arrangerar Girl Tech Fest, ein teknologifest for jenter i 5.klasse, i november.

Dato
21. november 2024
Tid
9:00 - 13:30
Stad
Haramsbiblioteka
Merknad
Brattvåg bibliotek

 

Girl Tech Fest er ein annleis skuledag med teknologiske workshops og masse gøy. Målet er at fleire jenter skal interessere seg for teknologi og få kunnskap om korleis dei kan vere med på å utvikle verdiskapande teknologi i framtida.

 

Haram Frivilligsentral og Haramsbiblioteka arrangerar «Girl Tech Fest» 20. november på Haramsøy bibliotek for Nordøy-skulane og 21. november på Brattvåg bibliotek for fastlandsskulane.  Vi har invitert jenter frå alle 5. klassane i Haram kommune (og frå Harøy skule).

 


I år har vi fått midlar frå Girl Tech Fest og frå Haram Næringsfond til innkjøp av utstyr. Vi skal ha følgande stasjonar:

•    3D-penn – Jentene får teste ut 3D-penner som kan brukast til å lage alt frå Eiffel-tårnet til ein terning.
•    Minecraft – Vi har gått til innkjøp av PS5 med fem kontrollarar som jentene skal få teste ut og bygge ein by saman inne i Minecraft-verdenen
•    Superbot – Haramsbiblioteka har klassesett med Micro:Bit og bilar, fleire kulerobotar, og Atlanterhavsparken kjem med ferdig opplegg til Superbit
•    Skaparverkstad – Vi har vinylkuttar og button-maskin som jentene skal få bruke til å lage diverse utstyr
•    VR-briller – Jentene får prøve ut brillene og ulike program

Vi skal også sette fram ulike utstillingar med bøker og anna info. I tillegg har vi bestilt tre 3D-printarar. Vi skal så legge delar av utstyret i basen vår slik at skuler kan låne det, men vi kjem med meir informasjon om det seinare.

Vi får hjelp av flotte samarbeidspartnarar som NIT, Kongsberg, IP Huse, Haram vgs. og Atlanterhavsparken. Vi blir også fleire frå Haram frivilligsentral, Haramsbiblioteka og andre kommunale einingar.

Vi gleder oss!

Arrangør

Haramsbiblioteka

Kontakt

Bibliotekleiar Eva Ulla Myren

Andre tidspunkt

  1. Onsdag, 20.11.2024 09.00 - 20.11.2024 13.30
  2. Torsdag, 21.11.2024 09.00 - 21.11.2024 13.30