Styrka barnehagetilbod

Spesialpedagogar i barnehagen arbeider etter heimel i barnehagelova § 31, som gir barn med behov for særskilt støtte rett til spesialpedagogisk hjelp. 

Føremålet med hjelpa er å gi barna likeverdig deltaking i fellesskapet og moglegheit til å utvikle seg ut frå eigne føresetnader. Det skal leggjast til rette for både inkludering og meistring, slik at barna får erfare seg som verdifulle deltakarar i det sosiale og faglege fellesskapet.

Haram kommune har per idag 3 spesialpedagogar i tenesta. Gjennom sitt arbeid er spesialpedagogen ein nøkkelperson i å fremje inkludering, meistring og utvikling for barn med særskilte behov, og i å styrke barnehagen sitt samla tilbod.

Individ- og systemnivå:

Spesialpedagogar har ansvar for å arbeide både på individnivå – med direkte tiltak og oppfølging av enkeltbarn med vedtak – og på systemnivå, der dei bidreg til kompetanseheving og inkluderande praksisar i heile barnegruppa. På systemnivå skal dei støtte barnehagen i å utvikle gode læringsmiljø og tilpassa pedagogisk praksis, slik at behov for spesialpedagogisk hjelp kan førebyggast.

Fleirspråkleg innsats:

Ein viktig del av arbeidet på systemnivå er støtte til språklege tiltak retta inn mot barn som skal lære seg norsk, der språkutvikling vert styrkt gjennom heile barnegruppa, ikkje berre gjennom individuelle tiltak. Spesialpedagogen bidreg til språkmiljø som fremjar kommunikasjon, samspel og aktiv deltaking for alle barn, med særleg vekt på språkleg mangfald.

Tverrfagleg samarbeid:

Barnehagelova legg vekt på tett samarbeid mellom barnehagen, føresette og andre relevante fagpersonar. 

Spesialpedagogen deltek aktivt i dette samarbeidet, ofte i lag med PPT, logoped, helsestasjon, ressursbase, fysio- og ergoterapitenesta og barnevern ved behov. Målet er heilskapleg støtte rundt barnet og tidleg innsats som førebyggjer større vanskar seinare.

Aktuelle lenker:

Om spesialpedagogisk hjelp på andre språk Spesialpedagogisk hjelp | udir.no