Pedagogisk -psykologisk teneste (PPT)

Kort fortalt
PPT vurderer om barn og unge har behov for ekstra hjelp i barnehage eller skule. Dersom du som føresett er bekymra, kan du ta kontakt med barnehagen eller skulen. For elevar under vidaregåande opplæring skal du kontakte PPT i Ålesund kommune

PPT skal bidra til at barn, elevar og vaksne med særlege behov får eit inkluderande og tilpassa pedagogisk tilbod. Tenesta gir også støtte til barnehagar og skular gjennom kompetanse- og organisasjonsutvikling, slik at dei kan legge best mogleg til rette for alle.

PPT hjelper barn, unge og vaksne med rett til opplæring som ikkje har tilfredsstillande utbyte av det ordinære tilbodet. Dette kan t.d. gjelde: 

  • språk- og talevanskar  
  • konsentrasjonsvanskar 
  • sosiale og emosjonelle vanskar 
  • åtferd som utfordrar
  • syn- og høyrselsvanskar 
  • generelle lærevanskar eller fagvanskar 
  • lese- og skrivevanskar 
  • matematikkvanskar 
  • ikkje-språklege lærevanskar 
  • bekymringsfullt skolefråvær 

For barn i barnehagen

Slik gjer du om du er bekymra for om barnet ditt har spesielle behov:

Ta kontakt med barnehagen.
Barnehagen gjer sine undersøkingar og prøver ut tiltak. 

Barnehagen drøftar saka med PPT.                                                                  

Barnehage drøftar bekymringane med PPT etter gjeldande rutinar.

Melding til PPT.
Om barnet fortsatt har vanskar, kan barnehagen og føresette vise barnet til PPT. PPT undersøker kva behov barnet har, og gir rettleiing og råd om kva barnet treng. Dersom PPT konkluderer med at barnet har behov for spesialpedagogisk hjelp, utarbeider PPT ei sakkunnig vurdering. 

Barnehagar finn oppdaterte skjema i  Compilo. Føresette tek kontakt med barnehagen eller PPT for rettleiing. 

Kommunen fattar vedtak
Konkluderer den sakkyndige vurderinga med at barnet har behov for spesialpedagogisk hjelp i barnehagen, skal kommunen fatte vedtak om dette.  

Meir informasjon

For barn i skulen

Slik gjer du dersom du er uroleg for om barnet ditt ikkje har tilfredsstillande utbyte av den ordinære opplæringa: 

Ta kontakt med skulen.

Skulen gjer sine undersøkingar og prøver ut tiltak. 

Skulen drøftar saka med PPT.                                                                         S

Skulen drøftar bekymringane med PPT etter gjeldande rutinar.
 

Melding til PPT. 
Om eleven fortsatt har vanskar etter drøfting med og rettleiing frå PPT, kan skulen og foreldre melde behov for sakkunnig vurdering til pedagogisk-psykologisk teneste (PPT). PPT undersøker kva behov eleven har og utarbeider sakkunnig vurdering. 

Skulen finn oppdaterte skjema i Compilo. Føresette tek kontakt med skulen eller PPT ved behov for rettleiing.

Rektor i kommunale skular og kommuner i private skular fattar vedtak.
Dersom den sakkunnige vurderinga konkluderer med at eleven har behov for  individuell tilrettelagt opplæring (ITO), skal rektor/kommunen fatte vedtak om at eleven skal ha slik undervisning. 

Meir informasjon

 

For vaksne

Individuell tilrettelagt opplæring for vaksne i Haram