Tenester ved senteret:
Pedagogisk-psykologisk teneste (PPT):
PPT bidreg med sakkunnig vurdering, rettleiing og rådgjeving til barnehagar, skular, foreldre og elevar. Tenesta skal sikre at barn og unge får eit opplæringstilbod tilpassa evner og føresetnader.
Slik gjer du om du er bekymra for om barnet ditt har spesielle behov:
- Ta kontakt med barnehagen. Barnehagen gjer sine undersøkingar og prøver ut tiltak.
- Barnehagen drøftar saka med PPT.
Barnehagen drøftar bekymringane med PPT etter gjeldande rutinar. - Barnehagen henviser til PPT. Om barnet fortsatt har vanskar, kan barnehagen og føresette vise barnet til PPT. PPT undersøker kva behov barnet har, og gir rettleiing og råd om kva barnet treng. Dersom PPT konkluderer med at barnet har behov for spesialpedagogisk hjelp, utarbeider PPT ei sakkunnig vurdering.
- Barnehagar finn oppdaterte skjema i samarbeidsgruppa på Teams. Føresette tek kontakt med barnehagen eller PPT for rettleiing.
- Kommunen fattar vedtak.
Konkluderer den sakkunnige vurderinga med at barnet har behov for spesialpedagogisk hjelp i barnehagen, skal kommunen fatte vedtak om dette.
Meir informasjon
Slik gjer du dersom du er uroleg for om barnet ditt ikkje har tilfredsstillande utbyte av den ordinære opplæringa:
- Ta kontakt med skulen.
- Skulen gjer sine undersøkingar og prøver ut tiltak.
- Skulen drøftar saka med PPT.
Skulen drøftar bekymringane med PPT etter gjeldande rutinar. - Melding til PPT.
Om eleven fortsatt har vanskar etter drøfting med og rettleiing frå PPT, kan skulen og foreldre melde behov for sakkunnig vurdering til pedagogisk-psykologisk teneste (PPT). PPT undersøker kva behov eleven har og utarbeider sakkunnig vurdering. Skulen finn oppdaterte skjema i samarbeidsgruppa på Teams. Føresette tek kontakt med skulen eller PPT ved behov for rettleiing.
Rektor fattar vedtak. Dersom den sakkunnige vurderinga konkluderer med at eleven har behov for spesialundervisning, skal rektor fatte vedtak om at eleven skal ha slik undervisning.
Meir informasjon
Kommunal logoped for barn og unge (0–16 år):
Logopeden tilbyr hjelp til barn og unge med utfordringar innan språk, tale, stemme og kommunikasjon. Tilbodet vert tilpassa kvar enkelt sitt behov.
Styrka barnehagetilbod:
Det spesialpedagogiske teamet følgjer opp barn som har vedtak om spesialpedagogisk hjelp i barnehagen. Tilbodet vert gitt i samarbeid med føresette og barnehagen.
Kontakt oss