I Longva barnehage skal alle kjenne seg velkomne og trygge, og vi legg vekt på å fremme eit inkluderande barnehagemiljø. Alle skal kjenne at dei høyrer til og at dei har ein verdi i fellesskapet.
Her skal alle få omsorg og bli møtt med tillit og respekt.
Arbeidsmåtane skal ivareta barna sine behov for omsorg og leik, fremje læring og danning og gi barna høve til å medverke.
Aktivitetane skal legge vekt på samarbeid og vennskap på tvers av barna sin alder, og gi barna felles opplevingar og sørge for at kvart enkelt vert sett, høyrt og anerkjent.
Vaksne skal skape ein god kultur, der vi skal framsnakke kvarandre, observere og handle, støtte, anerkjenne og rettleie i samhandling. Vi skal møte individuelle behov, sjå og lytte til kvart barn. Humor og glede skal også ha god plass i kvardagen vår.
Barn skal utvikle kunnskap og ferdigheiter innanfor alle fagområde i Rammeplanen gjennom:
UNDRING- UTFORSKING- LEIK- LÆRING