Sanntidsrapportering

Sanntidsrapporteringa viser ei oppdatert oversikt over driftsøkonomien, sjukefråvær og bemanning i Haram kommune.

 Tala blir oppdatert ein gong i døgnet, og blir henta direkte frå kommunen sine HR- og økonomisystem.

Korleis lese rapporten?

Rapporten har to sider som du kan bytte mellom nedst i biletet:

  • Løpande økonomistatus drift: Viser rekneskap, budsjett og prognose for kommunen si drift, med eigne kort for kjøp av vikartenester og overtid.
  • Sjukefråvær og bemanning: Viser sjukefråværsprosent og talet på årsverk, med samanlikning mot same månad i fjor. Grafen for bemanning skiljer mellom fast bemanning og vikariat, slik at ein ser når sesongvikarar bidreg til talet.


Korleis bruke rapporten?

Klikk på pil-ikonet nedst til høgre for å opne rapporten i fullskjerm. Bruk filtera øvst på kvar side for å velje månad, kommunalområde (til dømes Helse og omsorg eller Barnehage og skule) og kontogruppe. Månadar som er avslutta gir mest realistiske tal.

Rapport under utvikling

Dette er første versjon av sanntidsrapportering for Haram kommune. Fleire datakjelder kjem etter kvart.

Rapporten er førebels ikkje universelt utforma, vi jobbar med å få på plass eiga tilgjengelegheitserklæring for nettløysinga.

Enkelte tal kan avvike noe frå kommunen sine offisielle rapportar. Rapporten er meint som løpande oversikt, ikkje som endeleg rekneskapsdokumentasjon.

Har du innspel til rapporteringa?

Om du har tilbakemeldingar eller innspel til forbetringar vil vi gjerne høyre frå deg. Innspela vil bli vurdert i utviklinga av komande versjonar.

Send oss innspela dine på e-post