Haram bygdebok

Her finn du informasjon om alle bygdebøkene frå Haram kommune.

7 bøker står oppstilt ved sidan av kvarandre - Klikk for stort bilete

Om Haram bygdebok

Tanken om å få skrive bygdebøker for gamle Haram kommune og Hamnsund sokn starta tidleg. Vatne kommune fekk sine bygdebøker på 1980-talet, og det var ønskje om å få laga tilsvarande bøker for dette området. 

I 2007 vart prosjektet formalisert gjennom skipinga av Haram Bygdebok AS, med Thorleif Marken som dagleg leiar og Bjørn Sandnes som styreleiar. 

Prosjektet engasjerte i 2007 Stein Arne Fauske som forfattar for dei delane av bokverket som omfatta gamle Haram kommune, medan Randi Ingunn Selnes fekk oppdraget med Hamnsund sokn. Forfattarane valde ulike framgangsmåtar for å fullføre oppdraga sine.
 

Utgitte bygdebøker frå Haram

Kvar kan eg kjøpe bygdebøkene?

Alt sal av bygdebøker for Haram går gjennom Haram kommune sin innbyggarservice.

Kom innom oss i opningstida (mån-fre kl 09.00-14.30), eller ta kontakt på

Prisar

Bøkene kan betalast via Vipps eller tilsendt faktura.

Prisar - Haram bygdebok
Band Pris
Band 1 - Grytastranda 300,-
Band 2a og 2b - Søvik og Gamlem 550,-
Pakkepris for band 1, 2a og 2b 700,-
Band 3 - Fjørtofta og Flemsøya/Skuløya 500,-
Band 4 - Haramsøy og Lepsøy 600,-
Pakkepris for band 3 og 4 900,-
Band 5 - Hildrestranda 600,-
Band 6 - Brattvåg 700,-
Pakkepris for band 5 og 6 1000,-
Ved kjøp av alle sju bøker 2400,-