Korleis kjem eg inn på intranett?
På intranett finn du personalhandbok, lønsinformasjon, kvalitetssystemet Compilo, diverse skjema og anna som er viktig for deg som tilsett.
Intranettet er nettbasert og ein må vere tilsett og logge seg på for å få tilgang.
Er du tilsett kan du logge deg på intranett her med ditt kommunale brukarnavn og passord.
Korleis loggar eg på Office 365?
Pålogging via web på https://portal.office.com. Du kan logge deg inn der med brukarnamn@haram.kommune.no og ditt vanlege kommunepassord.
Korleis kan eg lese jobbmailen min heimanfrå eller på mobil?
Det er lenke til Outlook frå både intranett og Office-365.
Korleis sjå turnus og registrere arbeidstid?
Tilsette i Haram kommune skal bruke MinGat for å sjå eigen arbeidsplan og registrere arbeidstid. Du får også informasjon om avdelinga, som vaktbok, liste over tilsette og ledige vakter. Logg deg på MinGat her.
Tilsette i kommunale selskap som brannvesenet og 110-sentralen skal bruke ein annan versjon av programmet: MinGatBrann
Korleis kan eg sjå lønnsslippen min?
Ved å laste ned appen Visma employee til mobiltelefonen din vil du få full oversikt over tidlegare lønnsslippar. Du får også varsel når ein ny lønnsslipp er tilgjengeleg, og vil til kvar tid ha oversikt av lønn, utlegg og trekk.
For å kunne ta i bruk appen må du registrere inn mobilnummeret ditt i Visma Enterprise Plus under "Mi side", personalia og mobil privat. Visma Enterprise Plus finn du via intranett.
Eigenmelding ved sjukdom
Om du ikkje kan gå på jobb skal du melde frå til leiar. Leiar opprettar skjema for eigenmelding i MinGat for dei som brukar det, andre nyttar skjema frå personalhandboka.
Korleis finn eg...
Skuleadministrasjon: Tilsette i skule kan logge inn på IST med FEIDE her.
IKT-brukarstøtte
Brukarstøtte IT kan hjelpe deg med å skifte passord, tilganger, dataproblem, Microsoft Office, e-post, installasjon av programvare, nettverk/trådlaus aksess, telefoni, skjerm, VPN løysing og utskrift. Det er kun leiar som kan bestille PC og skrivar.
Reglement for tilsette
Reglement vedtatt i Ålesund kommune gjeld inntil nye blir vedtatt for Haram kommune. Her finn du reglement som gjeld for tilsette: