Vaksenvaksinasjonsprogrammet består av vaksinering mot influensa, korona og pneumokokk (lungebetennelse). Målet med programmet er å førebygge sjukdom og dødsfall.
Kven får tilbod om vaksine?
Vaksinasjonsprogrammet for vaksne er eit tilbod til vaksne og barn som, på grunn av alder eller helsetilstand, har auka risiko for å utvikle alvorleg sjukdom dersom dei får influensa, korona eller pneumokokksjukdom. Kommunane har ansvar for å sørge for at desse gruppene får tilbod om vaksine mot dei nemnde sjukdomane.
Korona-og influensavaksine
Korona- og influensavaksine blir tilbydd i vaksinasjonsprogrammet for vaksne til alle som er 65 år og eldre, i tillegg til vaksne og barn i risikogrupper. Folkehelseinstituttet si oppdaterte tilråding er at dei som er 75 år og eldre bør ta koronavaksine, men alle mellom 65 og 74 år kan få vaksinen gjennom vaksinasjonsprogrammet dersom dei ønsker det.
Les meir om koronavaksine (FHI)
Les meir om influensavaksine (FHI)
Pneumokokkvaksine
Pneumokokkvaksine blir tilbydd i vaksinasjonsprogrammet for vaksne det året du fyller 65 år. Den første årsklassen som får tilbodet, er dei som er fødde i 1960. Dersom du er fødd i 1960 og ikkje nyttar deg av tilbodet i år, har du framleis rett til å få vaksinen seinare.
Les meir om pneumokokkvaksine
Korleis få vaksine?
Kvar haust blir det sett opp eigne dagar for vaksinering i Haram kommune. Hugs å bestille time ved det legekontoret du har fastlege. Kvart legekontor har ulike dagar dei vaksinerar.
Her finn du kontaktinformasjon til legekontora i Haram
Pris
Prisane for vaksinane er fastsett av Helsedirektoratet, sjå Egenbetaling for vaksine og vaksinasjon i voksenvaksinasjonsprogrammet - Helsedirektoratet.