Miljøretta helsevern

Miljørettet helsevern omfattar faktorar i miljøet som til ei kvar tid direkte eller indirekte kan ha innverknad på helsa. Blant anna biologiske, kjemiske, fysiske og sosiale miljøfaktorar. 

Miljøretta helsevern er eit tenesteområde som gir kommunen eit heilheitleg ansvar for eit trygt og helsefremmande miljø. Målgruppa er personar som oppheld seg i kommunen, men ikkje er i ein arbeidssituasjon (der gjeld bestemmingane i arbeidsmiljølova).

Ansvar og myndigheit for fagområdet miljøretta helsevern er lagt til kommunen med heimmel i folkehelseloven kapittel 3

Tenester innan miljøretta helsevern

Det er Nemko Norlab som, på vegne av Haram kommune, gjennomfører mellom anna tilsyn, godkjenner verksemder, og driv saksbehandling innan miljøretta helsevern. På nettsidene deira vil du mellom anna finne elektroniske søknads- og meldetenester og nærare informasjon om følgande tema:

Her finn du oversikt over planlagte tilsyn i Haram kommune for inneverende år
  (Husk å velge riktig kommune i fanene øvst på sida)

Kontakt

Dersom du har spørsmål som gjeld miljøretta helsevern, kan du kontakte Nemko Norlab: