Kven kan få følgekort?
- Har du ei fysisk eller psykisk funksjonsnedsetting som varer minimum 2 år, kan du få følgekort.
- Følgekort blir tildelt uavhengig av søkar sin økonomi eller livssituasjon.
- Det er inga øvre eller nedre aldersgrense.
Formål
Formålet med ordninga er å førebygge isolasjon og bidra til auka livskvalitet. Den som har ei funksjonsnedsetting som gjer at ein treng følge for å delta på kultur- og fritidsarrangement eller nytte offentleg transportmiddel, skal med følgekortet kunne ha med seg eit følge, utan at den personen treng å betale for billetten.
Korleis bruke følgekortet?
- Det er kun følgepersonen som får rabatt eller gratisbillettar. Den som eig eit følgekort betaler sjølv.
- Korthaldar vel sjølv følgepersonen sin, og kan ha ulike følgepersonar frå gong til gong.
- Det er den enkelte arrangør som bestemmer kva rabatt dei ønsker å gi.
Ordninga er landsdekkande, og du kan nytte følgespersonbeviset på tvers av kommunegrenser. Her er nokre eksempel på kvar kortet kan brukast:
- Atlanterhavsparken
- Bjørneparken
- Bø Sommarland
- Bybadet i Ålesund
- Dyreparken i Kristiansand
- Epic Aktiv Park, Digerneset
- Hunderfossen (har og «Først i køen»-bevis)
- Kongeparken
- Langedrag (Halv pris til ledsager)
- Lilleputthammer (kun 1 følgje får gratis adgang)
- Namsskogan Familiepark
- Polaria i Tromsø
- Tusenfryd
- Valldal aktivitetspark (Følgje får redusert pris)
- Ørskogfjell skisenter
Pris
Det er gratis å få følgekort. Mistar du kortet, må du betale ein eigendel for å få laga eit nytt.
Slik søker du
Søk følgekort/ledsagerbevis
Dette må du legge ved søknaden:
- Eit bilete av nyare dato og god kvalitet må leggast ved søknaden.
- Uttale frå lege eller helsepersonell på at du har behov for følge for å kunne delta på aktivitetar.
Det er ingen søknadsfrist, søknader blir behandla fortløpande.
For barn vil kortet normalt bli utstedt for 3 år i gongen. For vaksne vil kortet normalt bli utstedt for minimum 2 år i gongen. Ønsker du å fornye følgekortet ditt sender du inn ny søknad.