Kart

Kommunen har kartløysingar der du mellom anna kan finne informasjon om eigedommar, status på byggesaker, kva arealplanar som gjeld for eit område, historiske kart og flyfoto.

Haram kommune har to innsynsløysingar for kart; Isy Map og Isy Map Server, og ei innsynsløysing for arealplaner; Isy Gis Plandialog.

Isy Map (publikumskart)

Isy Map kan brukast både på nettbrett, mobil og pc/mac og er den vi tilrår for publikum. Her kan du søke på stadnamn, adresse og eigedom (gardsnummer/bruksnummer) og kartet viser grunnlagsdata, eigedommar, arealplanar og pågåande bygge- og delesaker.

Gå til Isy Map

Isy Map Server (avansert/utvida kart)

Isy Map Server er ei alternativ webkartløysing, men kan vere litt vanskelegare i bruk.

Gå til Isy Map Server

Isy Gis Plandialog (arealplanar)

Isy Gis Plandialog inneheld vedtekne arealplanar, og arealplanar under utarbeiding.

Gå til Isy Gis Plandialog

 

Merk:

Det er ikkje tillate å nytte kartdata til kommersiell bruk, som til dømes kart til eigedomsmeklarar. Ikkje-kommersiell bruk av karta er gratis under føresetnad av at det blir vist til kjelda. Det blir teke atterhald om at det kan finnast feil/manglar i kartet. Publisert kart er ikkje rettsleg bindande.