Haramsøy barnehageBarnehagen består av ei avdeling med 19 barn. I kvardagen er vi mykje i lag, men vi deler også barna i to grupper ved leik og aktivitet. Gruppa Kvitveis er for 1- og 2-åringane, og Solsikke/Blåklokke for 3-5-åringane.
Haramsøy barnehage har ei stabil personalgruppe med utdanna pedagogar og fagarbeidarar.
Det er kort veg til fjell og fjøre, og nærområdet og spesielt Folkehelseområdet ved Haramsøy skule blir ofte brukt til turar, leik og læring.
Barnehagen har eit tett samarbeid med andre aktørar i nærmiljøet, som til dømes Haramsøy skule, biblioteket, kyrkja og butikken.
Visjon og verdiar vi arbeider etter er:
I barnehagen vår skal alle blomstre.
For oss betyr det å bygge gode relasjonar til kvart barn.
- Vi skal vere nære vaksne som er gode rollemodellar, som ser og møter kvart enkelt barn på ein god måte.
- Vaksne som viser empati og møter alle med omtanke og respekt.
- Trygge vaksne som inkluderer alle og let alle få oppleve at dei er viktige, uansett kven dei er og kva dei kan.
- Omsorg skal prege alle våre situasjonar i kvardagen vår og kome til uttrykk når barn leikar, lærer og deltek i rutinesituasjonar som stell, måltid, påkledning m.m..
Gode erfaringar gjennom trygge relasjonar styrker barnet sitt sjølvbilde, aukar trivselen og medverkar til positiv utvikling. Når barnet kjenner seg trygt og godt teke vare på, er utgangspunktet for læring og meistring det beste.
Barnehagens innhald bygger på eit heilskapleg læringssyn der omsorg, leik, læring og danning er sentrale begrep og skal sjåast i ein samanheng. I tillegg er sosial og språkleg kompetanse, og dei sju fagområda i rammeplanen, viktige i barnehagens læringsmiljø. Alle handlingar og avgjerder som gjeld barnet, skal ha barnets beste som grunnleggande omsyn.
Barnehagen er open frå kl 06:45-16:15 kvar vekedag, utanom planleggingsdagar, i jula og i påska.
I tillegg til i jula og påska er barnehagen stengt to veker om sommaren (veke 29 og 30).