Kven er tenesta for?
Ressursbasen er eit lavterskeltilbod for familiar med barn og ungdom frå 0- 18 år som bur i Haram kommune og som har utfordringar knytt til kommunikasjon, relasjonar, psykisk helse hos barn og unge, eller andre problemstillingar ein står i.
Kva gjer vi?
- Samtale- eller rettleiingstilbod
- Ulike gruppetilbod for barn og unge.
- Grupper/kurstilbod for føresette
- Tenesta har fokus på å hjelpe barn gjennom deira viktige vaksne og at vi saman finn vegar som kan bidra til endring.
- Evt. hjelp til å lose til andre instansar
Alle som arbeider i Ressursbasen har teieplikt. Ungdom over 16 år bestemmer sjølv om dei ønsker at føresette skal vere med til samtale. Ressursbasen nytter Helseplattformen som er ei felles journalløysing for sjukehus og kommunale helse og omsorgstenester. Tenesta er gratis.
Sjå aktuelle kurstilbod frå Ressursbasen
Korleis få tilbod frå Ressursbasen?
Du kan ta kontakt med oss via skjemaet du finn under. Inntil eit digitalt skjema er på plass må papirskjema fyllast ut og sendast per post.
Gå til kontaktskjema for Ressursbasen
Du kan også kontakte oss på telefon tysdagar mellom klokka 12.30 og 14.30, bruk telefonnummer 90 65 67 13.
Meir informasjon
Hjelp til familien ved familievernkontoret