Sei di meining om naturmangfaldet i Haram

Haram kommune er i gang med å lage ny kommunedelplan for naturmangfald. Sit du på kunnskap om naturen i Haram? Eller er natur noko du brenn for og bryr deg om? Då vil vi høyre frå deg!

Ugle sit på gjerdestolpe - Klikk for stort bilete Synnøve Rogne Haram

Naturen rundt oss betyr mykje for mange, både for psykisk og fysisk helse og det å kunne leve gode liv. Dei fleste vil vere einige i at det er viktig å ta vare på naturen.  

I arbeidet med å lage den nye naturmangfaldsplanen, er det viktig for å oss å høyre frå innbyggarar som sit på viktig kunnskap om naturen i kommunen vår. Vi ønsker også innspel frå alle som har engasjement og interesse for korleis vi skal forvalte naturen i framtida.

Avgjerdslene våre betyr noko

I dag snakkar ein om ei naturkrise, den inngrepsfrie naturen er redusert til ca. 10 % av Norge sitt areal. 

Alt vi bygg vert bygd ein stad, og vi brukar eit areal. Mykje av det vi bygg og utviklar, inneber forbruk av naturareal, som fortrenger både planter og dyr. Økosystem vert oppdelte, redusert og svekka. Øydelegging av natur, og samanhengar mellom naturområde, medfører at områda er mindre robuste mot klimaendringar. Eksempelvis kan arealendringar og utbygging av natur medføre at området toler mindre nedbør og det vert flaum og skred. 

Det å hindre utbygging på nye naturområde, særleg i natur utan inngrep frå før, er viktig for å kunne tole klimaendringar. I tillegg er det viktig for økologiske samanhengar, biologisk mangfald og det å sikre våre biologiske behov som reint vatn og mat/ressursar. 

Utbygging av vegar, vassdrag,- og vindkraftutbygging, næring, bustad og hyttebygging påverkar norsk natur mest. 

Kommunal planlegging er viktig for arealforvaltinga

I Regjeringa sitt dokument Nasjonale forventningar til regional og kommunal planlegging 2023-2027, vert det påpeika at 80% av Norge sine areal vert forvalta gjennom kommunal planlegging. 

Det meste av naturmangfaldet i Norge går tapt gjennom arealinngrepa som er vedtekne av det enkelte kommunestyre. Det er altså kommunestyret som har makt til å redusere tap av natur gjennom kommunen sine planar. 

I 2022 blei verdas land einige om eit globalt rammeverk kalla Naturavtalen,  for å bevare naturen.  Denne avtalen skal også Norge følgje opp, og den er viktig i arbeidet for å stoppe tapet av natur.  Utgangspunktet for avtalen er at naturen er fundamentet for menneska sin livskvalitet, og dette gir også føringar for korleis kommunen utformar sine planar.

Det er fleire perspektiv ein må ta hensyn til og sjå opp mot kvarandre når ein planlegg arealforvaltninga. Mellom anna kan det vere like viktig med dei grøne korridorane som koplar naturområde saman, som større naturområde utan inngrep. Natur i tettstadar også kan vere viktig, samtidig som det er nødvendig å ta vare på store ubebygde naturområde. 

Kva kan du bidra med i planarbeidet?

Som innbyggar og brukar av naturen i kommunen vår, kan det hende at du sit på kunnskap som kan vere både viktig og avgjerande for oss å få vite om. Eksempel på kva vi gjerne vil høyre frå deg om er 

  • Er det store eller små naturområde du meiner er viktig å ta vare på i Haram?
  • Har du spesiell kunnskap om natur, dyr eller planter i Haram?
  • Er der spesielle naturområde eller artar du meiner vi står i fare for å miste i Haram?
  • Er det gjort inngrep du meiner truar naturverdiar (dyr/planter) i Haram?

Vil du bidra til å styrke kunnskapsgrunnlaget knytt til natur? Då håper vi du vil kome med innspel til arbeidet med naturmangfaldsplanen for Haram!

Korleis kome med innspel?

I kommunen si kunngjering om planprogram for kommunedelplan naturmangfald, finn du meir informasjon om høyringa og linkar til dokument i saka. Der står det også korleis du kan sende inn merknader og innspel.

Fristen for å kome med innspel er måndag den 21. oktober 2024.

Sjå kunngjering om planprogram for kommunedelplan naturmangfald