På høyring no

Vil du vere med å seie di meining om korleis kommunen vår skal utviklast? Planar vi ønsker innspel til vil vise på denne sida inntil høyringsfristen går ut. 

Høyringar og offentleg ettersyn

Det er eit grunnleggande demokratisk prinsipp at den som blir ramma av eit offentleg vedtak, skal ha høve til å uttale seg før det blir gjort eit vedtak. 

Høyring er prosessen der kommunen, eller ein annan offentleg instans, ber om å få ein skriftleg uttale til ei konkret sak eller plan, før det blir gjort eit vedtak.

Kven kan delta?

  • Nokre høyringar er pålagde med lov, og der skriv vi kven det er som er formelle høyringsinstansar/partar. 
  • Dersom høyringa ikkje er lovpålagd, er ho i utgangspunktet open for alle. Då kan vi be dei som er spesielt ramma om å nytta høvet til å delta.

Slik sender du inn innspel

Spørsmål, innspel og merknader til ei sak kan sendast Haram kommune på ein av følgande måtar:

•    Send elektronisk høyring
•    Med post til Haram kommune, Postboks 33, 6282 Brattvåg
•    På e-post til Postmottak@haram.kommune.no

Merk at innspelet ditt blir offentleg tilgjengeleg, så ikkje send sensitive opplysningar.

Nokre tips til innspel: 

  • Skriv kort 
  • Ha gjerne med eit konkret forslag til endring eller formulering som kan takast inn i planforslaget 
  • Ha med ei overbevisande grunngiving for kvifor det er viktig 

Kva skjer vidare? 

Du får ikkje noko direkte svar. Men alle innspela blir lese av dei som lagar planen, og vurdert opp mot alt planleggjarane må ta omsyn til. 

Deretter følger alle innspela med som eit eige vedlegg når plansaka blir lagt fram for politikarane. Skriftlege innspel blir gjengitte kort i saka som blir send til politikarane, med ein kort kommentar frå administrasjonen med forslag til korleis innspelet kan handterast. 

Det kan ta nokre veker – eller månader – frå du sender inn innspel, til det hamnar på bordet hos politikarane.  

Etter høyringsrunden hender det at planen blir endra på, som ein konsekvens av innspela. Viss det er snakk om store endringar, må planen ut på ei ny høyring.  

Slik kan du følge med på saka

Under Innsyn kan du følge med på når planane blir lagde fram for politikarane. Søk etter plan-nummer, gatenamn eller områdenamnet i søkjefeltet øvst til høgre, så får du opp kva møte som har hatt planen på sakskartet.

Vil du sjå den politiske behandlinga live? Dei viktigaste møta blir sendt direkte på kommune-tv.

Artikkelliste